TEVLINGSREGLEMENT FOR VM I TORADARSPEL

 

TEVLINGSREGLEMENT VM I TORADARSPEL

1 Føremål

Å fremje runddans på Vestlandet.

Vera ein møtestad på tvers av generasjonar og instrument.

Skapa motivasjon og interesse for gode prestasjonar i og utanfor konkurranse.

Det skal avviklast tevling i desse klassane: Gruppespel (toradargrupper), orkester, toradar solist junior/senior, samspel junior, pardans junior/senior og open klasse.

 

2 Ansvar

Styret i Voss Ungdomslag er hovudansvarleg for reglementet og har siste ord i høve tvistar i samband med reglementet.

Styret i Voss Ungdomslag kan gjera unntak frå reglementet ved einskildvedtak.

 

3 Utøvarane

Deltakarane på tevlinga treng ikkje vera medlem i NU, men det skal differensierast i deltakaravgifta om ein er medlem eller ikkje medlem.

Deltakaravgifta er lik uavhengig kva klasse ein deltek i. o Utøvarane godtek desse føresegna og dommarane sin dom når dei deltek på dette arrangementet.

Deltakarar som ikkje har ei tilknyting til vestlandet vert dømt på like linje med andre deltakarar, men kan ikkje vinna «Vestlandsmeister» -tittelen.

Juniorklassa er frå og med det året dei fyller 12 år til og med det året dei fyller 18 år.

I klassa for junior samspel, junior pardans og gruppespel kan deltakarane vera yngre enn 12år. I junior samspel og junior pardans kan ikkje deltakarene vera over 18 år, sjølv om dei er med som musikalsk leiar/danseleiar.

Det er lov å delta i så mange klassar ein vil, også med same instrument.

Synleg berusa personar vert nekta deltaking

 

4 Tevlingsnummer

Kvar deltaking har 10 min til rådigheit på scena til å presentera innslaga, unntak for danseklassa og finaleomgang.

I klassa for toradar solo skal det tevlast med to slåttar/kuler. Minst eit av nummera lyt vera gammaldans (vals, reinlender, masurka, pols eller polka).

I klassa for open klasse er det valfritt innhald og instrument. Berre dei tre beste vert rangerte i denne klassa. Det vert ikkje gitt poeng til noko av deltakarane i denne klassen.

I klassa for junior samspel skal det tevlast med to slåttar/ kuler. Eit av nummera lyt vera gammaldans (vals, reinlender, masurka, pols eller polka), og det lyt vera minimum 2 deltakarar for å vera med. Minst ein toradar må vera med i samspelet.

I klassa for gruppespel skal det tevlast med to slåttar der begge skal vera gammaldans. I eit eventuelt finalespel skal det tevlast med fire slåttar til dans (vals, reinlendar, masurka/pols og polka). Det skal minst vera 5 toradarar i kvar gruppe og toradar skal vera det leiande instrumentet i lydbiletet. Utover dette er det opent for å ha med andre instrument.

I klassa for orkester skal det tevlast med to slåttar der begge skal vera gammaldans. Det er ingen restriksjonar for instrumentsamansetning i denne klassa.

I dans skal det tevlast i vals, masurka, reinlendar og hamborgar. Tevlinga føregår i heat, der alle para dansar saman med eit nummer på ryggen. Maks 7 par i kvart heat. Klassa vert rangert utan poeng.

 

5 Dømming

Kvar tevlingsgrein skal bli dømt av minst tre dommarar.

I finale for gruppespel samt orkesterklassa skal det også vera med eit dømmande dansepar som har ei lik stemme som ein vanleg dommar.

Dommarane kan ikkje dømme soloutøvarar og pardansarar dei er i nær slekt med, og blir då rekna for inhabile. Som nær slekt reknar ein foreldre, besteforeldre, barn, søsken, ektefelle/sambuar.

Ein dommar kan ikkje sjølv delta i ei grein han/ho sjølv er dommar i

Alle klassar skal rangerast med plassering og poeng.

     Unntak:

     • Rekruttar skal ikkje rangerast

     • Open klasse der berre dei tre beste skal rangerast

 

6 Premiering

Alle rekruttar og juniorar skal ha deltakarpremie og diplomar.

Berre dei tre beste i kvar klasse skal ha premie. I juniorklassa og rekruttklassa kjem det i staden for deltakarpremie.

I gruppeklassen får førsteplass vandrepremie, dette må ein få tre napp før ein får det til odel og eige. 7 Finalar

Det skal vera finale i klassa for pardans og gruppespel

I ein dansespelfinale spelar utøvarane ein finaleomgang til dans for publikum. Talet på finalistar i kvar klasse blir rekna ut etter faktisk deltakartal, korkje fleire eller færre:

Frå 7 til 10: 3 finalistar

Frå 11 til 20: 4 finalistar

Frå 21 til 30: 5 finalistar

31 eller fleire: 6 finalistar

I ein finale startar finalistane med 0 poeng

 

8 Definisjon

Toradar vert i denne tevlinga rekna som eit instrument som er bygd opp etter durspelprinsippet (diatonisk) og kan difor ha færre eller fleire radar enn to.