Praktisk info:

Vestlandsmesterskapet i toradar vert arrangert på Voss av Voss ungdomslag.

Fredag kveld vert det konsertar og feiring av jubileum i Voss ungdomshall, utover kvelden vert det buskspel og sosialt samvær.

Laurdag vert det konkurransar på dagen og finalar så dans utover kvelden. Her vil me halde til på Scandic Voss. Meir info om program kjem seinare.

Grunna covid19 har styret i Voss UL bestemt at det ikkje vert parrdans tevling under årets VM.

Påmelding:

Trykk her for lenkje til påmelding

PÅMELDINGSFRIST: 23. september

Trykk her lenkje om du vil vere frivillig

Middag:

Me ynskjer å samle deltakarar og publikum til ein felles middag på Scandic Voss laurdag kveld.

Me treng då påmelding frå alle som ynskjer dette. Buffetmiddagen kostar kr 450 per/person. Dess fleire som blir med, dess kjekkare blir det!

PÅMELDINGSFRIST 23. SEPTEMBER

Legg inn påmelding her for å melde deg på middag.

Bestilling av hotell:

Sidan me held til på Scandic Voss er me så heldige at me har fått rabattkode på overnatting!

Gå inn på her - velg Scandic Voss og ønska lengde på opphaldet 01-03 oktober 2021 - velg anntal personar pr rom - trykk på bookingkode og legg inn følgande kode: BVES011021 - der vil de få opp tilgjengelege romtypar og avtalepris på romma som reserverast med kredittkortgaranti på bestillinga. Romma ligg tilgjengeleg for bestilling og fri kansellering fram til 21.09.21.

Ynskjer nokon å kome torsdagen finn de prisane på nettet. Bookingkoden gjeld ikkje for denne datoen.

Prisar/betaling:

Me tek kontant, men ynskjer helst at dei fleste betalar med kort eller vipps!